|
hovedside | nyheter | prosjekter | presse | lyd | kontakt | english |
|
|
Platemelding
20.06.06: Telemarksavisa, terningkast 5
Gull, Sølv, Platina? Det skimrar i alle fall i edelt felespel frå denne solo-cd-en til felespelaren Anne Hytta frå Sauland. Jamvel ein lekmann uti faget er ikkje i tvil om at dette er sjeldan vare. Det er krystallklart, tindrande reint og rytmisk heilt fjellstøtt. På denne cd-en, som har tittelen ”dag, kveld, natt”, høyrer ein heilt frå det første sporet, ”Fyrispel etter Svein Løndal”, at dette er ein produksjon som er heilt på høgde når det gjeld det tekniske.
Spelemannen Tore Bolstad har stått for produksjonen, og lur- og bukkehornblåsar Jørn Simenstad i Lindberg Lyd har levert framifrå lydmessig handverk. Sjølv om Snne Hytta nå i ti år har vore oslobuar og fått musikalske impulsar både i aust og vest, blant anna ved spelemannsskulen på Voss, er det ikkje tvil om kva jord musikken hennar har vakse i. Det er telemarksspel og ikkje minst tinn- og tuddaltradisjonen med Løndal- og Buen-brørne som pregar albumet, og ho skriv sjølv i eit innhaldsrikt teksthefte at ho held Gransherad-spelemannen Hølje Wårstulen for den mest underkjende spelemannen ho veit om. Anne Hytta har nyss fått statleg arbeidssipend. Her har ho alt levert ei kvittering av høg kunstnarleg verdi. Tore Skaug Content Management Powered by CuteNews |
|