Signe Flatin Neset (1913-1975) - fødd til å spela
I 1960 vann Signe Flatin Neset landskappleiken på Voss. Sigeren er historisk, for det var første gong ei kvinne vann landskappleiken i hardingfele klasse A. I år er det 100 år sidan ho vart fødd.
Ho vann denne kappleiken saman med Odd Bakkerud, og det skulle gå heile 45 år før Åse Teigland i 2005 vart neste kvinne som vann hardingfele klasse A på landskappleiken på Røros. Signe Flatin Neset vart fødd 11. desember 1913 på plassen Ramberg i Seljord mot grensa til Kviteseid. Ho tok tidleg til å spele hardingfele, og vart naturleg nok sterkt prega av spelet til far hennar, konsertspelemann og hardingfelemakar Kjetil Flatin, ein av få spelemenn som levde av musikken på den tida. I Stavanger Aftenblad 1. juni 1929 har Einar Tufte skrive ein lengre artikkel om Kjetil Flatin, og eit eige avsnitt om 15 år gamle Signe:
”Ketil Flatin har en datter, Signe, som har fått ættens og farens kunstnergivnad. Da hun var to år og satt på gulvet og lyttet til farens spill, gråt hun hver gang feletonene sang om sorg og lengt, men når så faren strøk op en spretten springar, da lo hun. Hennes spill er kraftig og likevel kjenslefint og med en egen dåm. Hun fører en fin bue. Signe Flatin spilte i Kringkastingen ifjor høst – da var hun fjorten år. Hun har alt nu deltatt i et par felekappleiker og tatt to av de fremste premier. Sammen med faren har hun også vært på konsertferd østpå. Skulde det råke sig slik at du tar dig en tur til Telemark og vil høre nasjonal musikk, så finner du Ketil Flatin på den vesle garden Ramberg, rett op for grensesteinen mellom Kviteseid og Seljord. Han er ikke vrang å be på. – vanskeligere blir det å få høre Signe spille. Men kanhende det går, det også.”
Saman med far hennar spelte Signe i direkte sending i radio i 1934 eller 35. I 1952 gifte ho seg med Leiv Neset frå Modalen i Nordhordland, og dei flytte til Skien. Også Leiv Neset er spelemann, og i 1953 spelte dei inn ein folkemusikkhalvtime for NRK, og NRK gjorde opptak med Signe kvart år etter dette fram til 1960. Siste opptak med Signe er frå landskappleiken i 1961. Signe vart med faren på spelferder rundt omkring i Noregs land frå ho var 14 år. Musikkvitar og lektor Erik Eggen skriv om at han er ”komen til den faste overtyding at ho [Signe] både er uvanleg musikalsk og hev særs stor givnad for felespel. Ho hev eit gløgt øyra og minne for tonar, spelar klukkereint, og hev drive teknikken merkjeleg høgt opp”.
Seinare fulgte spelferder med felespelar Torbjørg Aas Gravalid (1916-2008), også frå Seljord. Underteikna kan hugse korleis det glinsa i augo til Torbjørg når ho fortalde om konsertferdene deira, om kor mykje moro dei hadde då, og om store ”klisjear” (plakatar) med Torbjørg og Signe i vesttelemark-bunader som hang rundt om der dei fór. Signe spelte også ei konsertar saman med ektemannen, Leiv Neset.
Det første som slår ein når ein høyrer spelet til Signe Flatin Neset, er den klare, sterke feletonen. Ein høyrer korleis understrengene svarar på det faste strøket hennar frå augeblikket ho legg bogen på strengene, og heile det rike overtonespekteret kjem fram i ein full tone frå fela. Den same klare tonen høyrer ein i opptak med faren, Kjetil, og det må vere eit ideal som har forma spelet hennar heilt frå ho var lita. Spelet kjem frå ei som tydeleg er på fornamn med slåttemusikken, nøkternt og presist formar ho ut slåttane med dei tak og vendingar ho meiner høyrer med, spelet skal framover utan for mykje dveling ved detaljar. Ho har nokre sermerkte sakte og ganske lange triller som gjev spelet ein eigen dåm, ein fin detalj som byggjer oppunder den klare tonen. Springarane spelar ho med bortimot heilt jamn takt, slik ein kan høyre fleire av Telemarksspelemennene gjere på hennar tid.
Signe Flatin Neset døydde i 1975. Ho vart ei av dei som klårast viste at kvinner ikkje berre var gode kvinnelege felespelarar, men gode felespelarar – uavhengig av kjønn.
--------------------------------------------------------
Kvinnelege felespelarar i Telemark:
Kristiane Lund (1889-1976) frå Bø, Bergit Tjønn (1914-1984) frå Tuddal, Torbjørg Aas Gravalid (1916-2008) og Signe Flatin Neset (1913-1975) – båe frå Seljord, var kvinnelege felespelarar som prega folkemusikken i Telemark på 1900-talet. Lund med det kraftfulle spelet og myndig dommargjerning på mange kappleikar, Tjønn med det lyriske spelet og eigenkomponerte slåttar, Aas Gravalid med det lyse, livlege spelet og vesenet på konsertar og kappleikar. Det fanst også fleire andre gode kvinnelege felespelarar i Telemark, men desse fire er kanskje dei som prega tida mest.
Kjelder:
Rolf Myklebust: 50 år med folkemusikk Det Norske Samlaget Oslo 1982
Redaktørar Andreas Bjørkum, Magne Myhren, Bjørn Aasland: Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg 2 Notabene 1996
Stavanger Aftenblad 1. juni 1929
Wikipedia
Knut Buen: Gamle meisterspelemenn på 78 plater IV Buen Kulturverkstad 1990
Bladet Folkemusikk, 2013