Brurevisetone
Heddal-spelemannen Ole O. Kolsrud (1821–1902) er kjelde til denne tonen. Han skal ha hatt eit intrikat fingerspel med mange fine detaljar, og det er kanskje noko av dette ein høyrer att i spelet til sambygdingen Anund Haugan, som det finst fleire fine, uttrykksfulle opptak med. Visetonen har eg frå eit NRK-opptak med Haugan frå 1955, der han opnar med desse fine orda: ”Kjære brur og brudgom, akt dei på, om mine gåvur dei er små; eg ynskjer dykkån ro og fred, og sidan salighet.” Denne innspelinga er henta frå soloalbumet Strimur. Opptaket med Haugan er tilgjengelig i Telemark folkemusikkarkiv.