Fille-vern
Denne vesle gangar-stubben på nedstilt (samme stemming som vanleg fele: g-d-a-e) og med C-tonalitet er nok eit spor av gamalt slåttestoff. Kjelde for slåtten er Olav Frømyr, og oppskriver Eivind Groven skreiv den ned i 1922. I hardingfeleverket står desse kommentarene til slåtten: "Fille-Vern var ein spelmann som vi veit lite om. Sjå R. Berge. Spelmenn frå Telemark i Norges Musikhistorie I s. 139. Han skulle vera døypt Vern og fekk tilnamnet Fille-Vern av di han i oppvoksten gjekk fillet kledt."