Kolsrudgangar
Denne slåtten har eg sett saman frå to oppskrifter i bind 2 i Hardingfeleverket - 117 a og b. Anund Haugan er kjelde for 117a, medan Torkil Kolbjørnsrud er kjelde for 117b. Variantane er nokså ulike. Haugan har opplyst at han lærte slåtten av Jon Kolbjørnsrud, som hadde han etter Ole O. Kolsrud, medan Torkil Kolbjørnsrud – son av Jon – har opplyst at slåtten var etter bestefaren Andres Kolbjørnsrud (1816-1912). Opplysningane kan høyrast motstridande ut, men det kan vere rett begge delar. Eg har forsøkt å spele slåttane eg har etter noteoppskrifter så nøyaktig som mogleg, men denne innspelinga var ikkje del av noko dokumentajonsprosjekt, men er henta frå soloalbumet Strimur.