Knebukseslåtten
Dette synest eg er ein ganske så original slått frå Heddal. Forma har eg etter opptak med Anund Haugan. I Hardingfeleverket er Kjetil Løndal kjelde for slåtten, han hadde òg lært slåtten av Haugan. Oppskrivar er Eivind Groven. Første gong eg høyrde denne slåtten, var på besøk hjå spelemannen Olav Lofthus. Han hadde slåtten etter Kjetil Løndal. Eg har knapt høyrd andre spelemenn bruke denne slåtten, som skal vere i tradisjon etter Ole Kolsrud.