Sagafossen etter Svein Lutro
Dette er ingen Heddal-slått. Arne Bjørndal har skrive opp slåtten etter Svein Lutro frå Ullensvang i Hardanger. I oppskrifta i Hardingfeleverket står det: "Lutro hadde lært slåtten av Lars Urheim, Kinsarvik, Hardanger, som tralla han. Men Urheim hadde høyrt bror sin, Oddmund, spela slåtten. Oddmund hadde lært han av Halvor Sagafossen, Heddal, Telemark. Denne vart kalla "Lånespelaren" eller rettare "Lodnespelaren" av di han skulle ha så fælande langt hår. Det hang i store buskar, og når han spela, hadde han det laget at han duva att og fram med kroppen. Stundom duva han så sterkt at hårtufsane rakk mest heilt i golvet."
Slåtteoppskrifta er eit godt døme på kor mykje noko kan forandre seg i møte mellom spelemenn og i møte med dei som skreiv opp slåttane. Vi veit jo ikkje korleis det lét når Sagafossen spelte, men eg er temmeleg sikker på at det lét ganske annleis enn dette.