Springar etter Ole Kolsrud
Denne springaren har namnet Kolsrudspringar i Hardingfeleverket, men for å skilje han frå dei mange andre, er Springar etter Ole Kolsrud bruka her. Oppskrifta i hardingfeleverket er med Torkjell Haugerud frå Bø/Seljord, som lærde han hjå heddølen Anund Haugan. Oppskrivar er Eivind Groven. Det finst opptak med Haugerud si framføring av slåtten, og lenke til opptaket ligg under noteoppskrifta her. Der ligg det også lenke til eit opptak der Knut Buen spelar slåtten. Buen kallar slåtten "Med kaffien kokar".