Markensmåndagen
Denne forma av den kjende slåtten Markensmåndagen er etter spelemannen Olav Fyrileiv (1875-1975). Oppskrivar er Eivind Groven. Slåtten er skriven ned i 1944.
Markensmåndagen er ein springar, som går i 3/4-takt. Ei takt i oppskrifta går slåtten over i 5/4, og slike taktbrot kan kanskje vere eit eldre trekk i ein slått. Det som er sikkert, er at dansetakta blir broten når slåtten går over i 5/4-takt, og difor er slåtten først spela inn slik den står notert. Så har eg spelt inn ein versjon til, der eg legg til eit taktslag i 5/4-takta. Då går taktslaga opp med dansetakta.