Kolsrudspringaren
Dette er kanskje den mest kjende slåtten etter Ole O. Kolsrud. Oppskrifta i Hardingfeleverket har Kjetil Løndal som kjelde, han lærte slåtten av Anund Haugan. Eg har lært slåtten etter opptak med Haugan, så det er noko avvik mellom denne innspelinga og slåtteoppskrifta. Eivind Groven skreiv òg slåtten opp etter Torkil Kolbjørnsrud, men denne oppskrifta kom ikkje med i Hardingfeleverket. Den handskrivne originalnota er tilgjengeleg i det digitale arkivet til Nasjonalbiblioteket her: www.nb.no/nbsok/nb/3941a2ec4feb1a8d005f115de1093796.nbdigital?lang=no#32
Under slåtteoppskrifta har Groven skrive eit stev til slåtten, som eg opnar denne innspelinga med.
Under slåtteoppskrifta har Groven skrive eit stev til slåtten, som eg opnar denne innspelinga med.