Add text
  • Home
  • About
    • News
    • Projects >
      • Draumsyn
      • Slagr
      • Tokso
      • SogeSong
    • Discography
    • Texts
  • Sound & Image
    • Sound
    • Videos
    • Gallery
    • Heddal >
      • Suserua
      • Kjeringslåtten
      • Kolsrudspringar
      • Tru på Torgon
      • Fjellmannjenta
      • Halling
      • Kolsrudgangar
      • Brurevisetone
      • Bruremarsj
      • Gudbrandsdølen
      • Margit Langerud
  • Press
    • Press photos and bios
    • Pressebilder Sogesong
    • Interviews
    • Reviews
  • Calendar
  • Contact

Gudbrandsdølen

Denne slåtten er frå ei noteoppskrift i Hardingfeleverket, kjelda er Mattis Kleppen frå Sauland, oppskrivar er Eivind Groven. I kommentaren til noteoppskrifta i Hardingfeleverket står det: "Groven lærde slåtten 1920, og skreiv han ned 1955 etter minnet. Heddalsform." Det er fleire Mattis Kleppen i Sauland, men kanskje er det Matias M. Tinne Kleppen (1869-1942) som er kjelda til denne og tre andre slåttar i Hardingfeleverket. Han var oppvaksen på Tinne i Heddal, og kanskje lærde han slåtten av ein spelemann der. Sjølv om det finst over 1000 noteoppskrifter i Hardingfeleverket, var det sjølvsagt mange fine slåtteformer det ikkje var plass til i det store sjubindsverket. Når Groven hadde høyrd slåttemotiv han syntest var spesielt fine og særeigne, kunne han ta dei med i oppskrifta etter ei stjerne: "*Eilev Smedal byrja slåtten slik." Det har han gjort i denne oppskrifta, og eg har tatt med dette fine taket, og sett det til slutt i slåtten. 
Picture
Proudly powered by Weebly