Heddal-spel
I oppveksten heime i Sauland låg ei hardingfele i stugo, og eg ville lære å lage lyd med fela. Ferda gjekk då til Tuddal. Der fekk eg lære spel frå den rike Løndalstradisjonen av sjølvaste meister Einar Løndal. Det var rikt utbroderte slåtter med store greiner og små avstikkarar langs mindre greiner, og eg laut lære heile slåtten - stamme og greiner, store og små. Løndalspel og Tuddalspel var uttrykk ein brukte om einannan, det stod for det same. Etter som åra gjekk lærde eg likefullt nokre Tuddalslåttar med ein annan karakter. Eg fekk inntrykk at desse slåttane ikkje hadde gått gjennom den same "løndalifiseringa" som dei andre. Dei stod fram litt korthogde og med ei anna forteljing i seg enn Løndal-spelet, om ein kan seie det slik.
Når eg no dei siste åra har dykka litt ned i kva som finst av spel i Heddal, opplever eg at fleire av desse slåttane har same preg. Dei har ikkje gått gjennom ein prosess med utbygging og kappleikstilpassing som mange andre slåttar. Når eg no deler dette materialet, er det i håp om at slåttane kan brukast slik dei er - og samstundes gå gjennom ei utbygging og naturleg utvikling ved at dei blir bruka av fleire.
Rammene for dette arbeidet er noteoppskrifter av slåttar og slåttestev med spelemenn frå Heddal, og slåttar som på andre måtar er knytt til Heddal; det kan vere namnet på ein slått (Murukleiven, Sauaren). Vidare har eg lært meg nokre slåttar av Anund Haugan, Olav Fyrileiv og Torkil Kolbjørnsrud som ikkje står i Hardingfeleverket. Dette for å utfylle og utdjupe repertoaret. De vil sjå at fleire viktige kjelder og slåttar ikkje er representert i denne samlinga. Det betyr ikkje at det ikkje høyrer til i samanhengen, men grunnen er kort og godt at noteoppskrifter er utgangspunktet for arbeidet, og målet er å få desse slåttane fram att i lyset. Nokre av slåttane eg har spelt inn, finst i dag berre på noter, i Hardingfeleverket og eit par slåttar frå Olea Crøgers oppskrifter og Ludvig Mathias Lindemans Ældre fjeldmelodier. Nokre av dei finst både på noter og med opptak, av og til med opptak frå same kjelde som noteoppskrifta, og andre gonger med andre spelemenn. Uansett kor god og detaljert ei noteoppskrift er, er det så mykje oppskrifta ikkje kan seie om spelestilen. Difor har eg hatt særs god nytte av dei slåttane som finst med både skriftlige og munnlege kjelder. Nokre heilt få er slåttar eg ikkje har høyrt før. Nokre andre er slåttar eg først ikkje kjenner att, før eg etter kvart har oppdaga at det er ein variant av andre slåttar, som etter kvart har fått eit anna preg. Dei fleste er varianter av kjende slåttar, altså kjende slåttar som har blitt spelt mykje i Heddal, og som har fått eige former her i bygda.
Tittelen Heddal-spel er ikkje presis. Uansett kor nøye eg har prøvd å vere med å spele så tett opp mot noteoppskrifta og/eller opptaka som mogleg, er dette materialet mine tolkingar av slåttar som har vore spelt i Heddal. Éin spelemann kan aldri ta patent på eit spel som har vore forma ut av mange i ei lita bygd. Akkurat som at denne vesle bygda ikkje har patenten på slåtten. Det gjev lite meining å gjerde musikk inn i geografiske grenser - musikken flyt avgarde, og festar seg der den møter nokon som må spele den på sin måte. Men Heddal har rike speltradisjonar, rikare enn eg trudde før eg gjekk i kast med dette arbeidet, og det er nokre felles kjennemerke, sjølv om spelemenn som Anund Haugan og Torkil Kolbjørnsrud spelar svært ulikt. Eit kjennemerke er til dømes mykje bruk av grepskombinasjonar, altså fleire fingrar på ulike strenger samstundes heller enn opne strengar. Haugan har ein ganske songleg spelestil, der melodien flyt over takta. Han legg nokre tonar lågare enn temperert skala, og har ofte ein liten bøy eller glissando inn på tonen. Kolbjørnsrud spelar melodisk enklare, og har òg langt enklare ornamentikk enn Haugan, men han har ein klar understreking av rytmikken i slåtten. Ofte gjentar han same tone i ulike rytmiske mønster. Telemark folkemusikkarkiv har opptak med båe Haugan, Kolbjørnsrud og Olav Fyrileiv, der ein kan høyre kor ulik stil og kor ulike slåtteformer dei spelte.
Eg vil gjerne understreke at føremålet med dette arbeidet har vore dokumentasjon. Det betyr at verken spelet, opptakskvaliteten eller redigeringsarbeidet på nokon som helst måte kan måle seg med ei profesjonell innspeling. Det har vore viktig for meg å spele slåtten så nært opp mot slik kjelda har spelt han, sjølv om eg i ei personleg framføring sikkert ville gjort det på ein annan måte. Så er det heller ikkje slik at spelet er upersonleg, trur eg, men dette er altså mine framføringar av slåtteformene til dei ulike kjeldene. Opptaka er gjort i Biermannsgården i Maridalsveien i Oslo, og innimellom kan ein høyre bikkjeskvakking, bilar, fiolintonar og helikopter inn for landing på Ullevål sjukehus – slik var rammene for desse innspelingane, og eg håpar ein kan ha glede av innspelingane likefullt.
Meir enn noko håpar eg at yngre generasjonar av spelemenn kan ha glede av desse opptaka, og at dei får lyst til å lære seg nokre av slåttane.
Anne Hytta, 4. april 2019
Takk til:
Norsk kulturråd for tildeling til arbeidet
Stiftinga for folkemusikk og folkedans for stipend til arbeidet
Notodden historielag for lån av bilete, som er tatt nedanfor husmannsplassen Kolsrud mot garden Håberg og Himing i bakgrunnen.
Eg vil òg takke kjeldene – Jon Kolbjørnsrud, Anund Haugan, Olav Fyrileiv, Torkil Kolbjørnsrud, Torstein Grotbæk, Olav Frømyr og Mattis Kleppen – for det fine, detaljrike og sermerkte spelet dei har videreført, og dei som skreiv ned slåttane i Hardingfeleverket: Arne Bjørndal og (særleg) Eivind Groven. Ingen av desse lever no, men arbeidet deira har verkeleg stor verdi, og eg er fyllt av takksemd for at dei gav oss moglegheiten til å vidareføre slåttane og spelet.