Tinnemannen
Svein Løndal er kjelde for denne slåtten, som Arne Bjørndal skreiv opp i 1936. I Hardingfeleverket står det: "Løndal hadde lært slåtten åv Ola Sundre Spæru, Heddal, og av ei gamal gjente som tulla han." Sjølv lærte eg slåtten av sonen til Svein, Einar Løndal, og sjølv om ein slått forandrar seg noko frå spelemann til spelemann, trur eg nok at slåtten slik eg lærte han av Einar, låg nærare opp til slik Svein spela han enn denne oppskrifta. Særleg er det nokre grepkombinasjonar eg saknar i oppskrifta. Men Bjørndal har nok òg fått med seg noko som det er verd å lære, så eg har spelt inn slåtten etter denne oppskrifta. Eg har spelt inn Tinnemannen i form etter Einar Løndal på utgjevinga "dag, kveld, natt".