Hjartdal på Tho
Denne gangaren finst i svært mange varianter, og i Hardingfeleverket er det skrive ned 15 varianter av denne slåtten frå heile hardingfeleområdet. Denne oppskrifta er skriven ned etter Torstein Grotbæk i 1937, oppskrivar er Arne Bjørndal. I Hardingfeleverket er slåtten berre oppført som Gangar, men i originalnota står det Hjartdal på Tho. Under noteoppskrifta er det ein artikkel om Torstein Grotbæk frå Teledølen i 1949, henta frå arkivet til Arne Bjørndal-samlinga i Bergen.