Murukleiven
Mykje er sagt og skrive om stortjuven og heddølen Tov Murukleiv, Han vart fødd mellom 1776 og 1781 og døydde 1814, då han vart skoten. Murukleiven vart gravlagt utanfor kyrkjemurane i Heddal, og presten Johannes Crøger skreiv denne teksten på gravstøtta: "Banditten Thow Mureklew ligger nu her. Til Hviile for Sig Selv – og til Roe for Mange. Gid - Hans skiændige Liv maatte glemmes snarlig – men Hans gruelige og umenneskelige Død leve længe, til Erindring – Smerte – Afskye – og Skræck for Hands gienlevende tallrige Bande som Forbifarer her, og skuer dette varslende i Minde om Hans Ende – og Daad – Hitterdal den 20 Octb. 1814 –."
Tov Murukleiv var faktisk bror av bestefar til Ole O. Kolsrud, Halvor Johannesen Kolsrud, fødd 1874.
Journalist og forfattar Ove Eriksen har nyleg skrive ein roman om Murukleiven.
Det er usikkert om slåtten Murukleiven har vore spela i Heddal. Den einaste oppskrifta av slåtten i Hardingfeleverket er skriven opp etter Gunleik Smedal frå Seljord, oppsrkivar er Eivind Groven. Les meir om Murukleiven her: https://lokalhistoriewiki.no/Murukleiven