Igletveiten
Slåtten står i Hardingfeleverket oppført som Kolsrud-springar, men han blir helst kalla Igletveiten. Slåtten er i slekt med springaren Tullar-Margit. Eg har òg spelt inn ein slått som heiter Vrangeslåtten, det er same slåtten som Igletveiten. Kjelde for denne slåtten er Kjetil Løndal, som lærte slåtten av Anund Haugan. Kjelde for Vrangeslåtten er Torkil Kolbjørnsrud. Sjølv om Haugan og Kolbjørnsrud båe var frå Heddal og hadde lært frå dei same kjeldene, var spelet deira svært ulikt, og difor har eg spelt inn både Vrangeslåtten og Igletveiten.