Sauaren
Om denne slåtten står det i Hardingfeleverket: "Leiv Sauar var ein god spelemann samstundes med Sagafossen i Heddal. Dei to spela stundom i lag i gjestebod o.l. Då var Sagafossen den gjevaste, og Sauaren laut halde seg nr. 2." Johannes Dahle frå Tinn er kjelde for slåtten, han hadde slåtten etter bestefar sin, Knut Dahle. Oppskrivar er Eivind Groven. Om dette er ein slått som Leiv Sauar faktisk har bruka, er vel vanskeleg å seie sikkert.