Sagafoss-springar
Kjelde for denne vesle springaren på nedstilt er Olav R. Berge frå Rauland, han var onkel av oppskrivar Eivind Groven. Slåtten skal vere etter Halvor Sagafoss, som budde ei tid i Rauland. Slik eg har forstått det, er denne Halvor veslebror av den meir kjende Sagafoss-spelemannen. For å gjere det riktig enkelt for ettertida, vart dei båe døypte Halvor.