Add text
  • Home
  • About
    • News
    • Projects >
      • Draumsyn
      • Slagr
      • Tokso
      • SogeSong
    • Discography
    • Texts
  • Sound & Image
    • Sound
    • Videos
    • Gallery
    • Heddal >
      • Suserua
      • Kjeringslåtten
      • Kolsrudspringar
      • Tru på Torgon
      • Fjellmannjenta
      • Halling
      • Kolsrudgangar
      • Brurevisetone
      • Bruremarsj
      • Gudbrandsdølen
      • Margit Langerud
  • Press
    • Press photos and bios
    • Pressebilder Sogesong
    • Interviews
    • Reviews
  • Calendar
  • Contact

Fjellmannjenta

Fjellmannjenta er vel blant dei meir kjende slåttane, og den finst i ei mengd ulike variantar. Denne forma er henta frå bind 1 i Hardingfeleverket, der han har nummeret 118e. Kjelda for slåtten er Torkil Kolbjørnsrud, oppskrivar er Eivind Groven. Det står at slåtten er skriven opp i 1944. Groven hadde to brør som budde i Heddal, og under krigen budde han i Heddal ein periode med familien sin. Då fór han rundt og skreiv opp fleire slåttar etter spelemenn i bygda. Torkil Kolbjørnsrud (1888-1972) var son av Jon Kolbjørnsrud, og truleg hadde han slåtten etter far sin.

Fleire fine slåttestev er skrivne opp i Hardingfeleverket, og Groven har skrive opp eit slåttestev til Fjellmannjenta etter heddølen Olav Frømyr. Diverre er ikkje slåttesteva kome med i den digitaliserte utgåva av Hardingfeleverket, men eg spelar stevet innleiingsvis i opptaket.
Picture
Proudly powered by Weebly