Fossekallen
Denne slåtten er oppskrift nummer 457a i bind 6 i hardingfeleverket, og Eivind Groven har skrive den opp etter Johannes Dahle frå Tinn. I kommentaren til oppskrifta står det: "Fossekallen er ein Sagafoss-slått, og namngjeven av spelemannen Olav Ullern, Tinn. Difor er slåttenamnet nokså nytt. Fossekallen (cinclus aquaticus), også kalla elvarkall og strømstær, pip på ein sermerkt måte. Det finst motiv i slåtten som truleg skal minna om dette."
Halvor H. Sagafoss (1811-1841) frå Heddal skal ha vore ein særs god spelemann, og springaren Sagefossen vitnar om ein virtuos, improviserande spelemann. Fossekallen har nok i seinare tid blitt mykje forma om av dei spelemenn som har spelt han etter Sagefossens tid, slik som Dahle-spelemennene i Tinn. Likevel gjev kanskje slåtten, saman med springaren Sagafossen, eit lite inntrykk av spelet til Halvor H. Sagafoss.
Mi innspeling er altså basert på noteoppskrifta i hardingfeleverket, men det finst opptak der sjølve kjelda til oppskrifta, Johannes Dahle, spelar slåtten. Lenke til opptaket ligg under noteoppskrifta på denne sida.