Kjeringslåtten
Denne slåtten er ein springar som står oppskrive som nummer 266 i Hardingfeleverket bind 4. Kjelde for slåtten er Jon Kolbjørnsrud, og oppskrivar er Eivind Groven. Jon Kolbjørnsrud (1858-1954) lærte slåttespel av Ole O. Kolsrud (1821-1902). Kolsrud var skreddar og svært god spelemann, og han er kjelde for mange av slåttane ein i dag knyter til bygda Heddal. Det står mykje interessant informasjon om Kolbjørnsrud-familien og Ole O. Kolsrud på ei side på Facebook som heiter Folk trad Notodden.
I Hardingfeleverket står slåtten berre oppført som "Kolsrudslått". Men det er nok av slåttar som er oppkalla etter Kolsrud, så eg nyttar same slåttenamn som Torkil Kolbjørnsrud gjer i eit privatopptak der han introduserer og spelar slåtten. Dette opptaket er tilgjengeleg i Folkemusikkarkivet i Telemark.