Geitehytten II
I oppveksten lærte eg Geitehytten av Einar Løndal, og det var ein annan slått enn denne. Kanskje ein kan seie at dei er i fjern slekt, men eg opplever den som ein heilt annan slått. Eg kan hugse at Einar irriterte seg over at nokon kalla denne slåtten eg har spelt inn her for Geitehytten, som ifølgje Einar var å setje feil slåttenamn på slåtten Guro Lomodden. Og denne slåtten er absolutt ein variant av Guro Lomodden. Det er vel denne namneblandinga som har gjort at Eivind Groven, som skreiv opp slåtten etter Kjetil Løndal, kalla slåtten for Geitehytten II. Kjetil Løndal hadde lært slåtten av Anund Haugan frå Heddal, og eg har også brukt opptak med Haugan når eg har lært slåtten. Difor er det noko avvik mellom innspelinga her og slåtteoppskrifta. Namnet Geitehytten kjem frå Leiv Geitehytta, ein husmann frå sudbygda i Sauland, som det var mange hermer etter. Han dreiv blant anna med tjuvfiske i Slåkåvatnet i Lifjell, og fisken selde han blant anna til Løvheim hotell i bytte mot foredla dråper.